top of page
2019-03-13 11.46.42.jpg

Eteriske oljer

Rein - naturleg - potente - co impact sourcing

Me vart presenterte for eteriske oljer vinteren 2019. Og kjende straks at dette skulle me bruke i kvardagen for å betre helsa, både fysisk og mentalt, emosjonelt. For heile familien.

Så enkelt som å starte med å byte ut sitronskiva i vatnet om morgonen med oljedråpe av sitron.

Me vart overvelda når me såg kor immunforsvaret vart styrka, hud og hår og negler vart "sprekare", me valde lettare ein sunnare kvardag, samt at me hadde hjelpemiddel om me fekk

fysiske smerter eller ubehagelegheiter i og på kroppen.

Eg, Renate vart nok primus motor, og brukte all ledig tid på å setje meg inn i oljene og korleis dei virkar både fysisk og emosjonelt. Og ynskje om å dele oljene og dele gledene ved å bruke oljene vaks i takt med lærdommen. Så det fallt heilt naturleg å verte konsulent for å selje dei. Det passa så perfekt inn i jakta etter noko inntektsbringande arbeid på vinteren, når det ikkje er så travelt på garden.

Det at eg fann noko som inspirerte så sterkt, og gav meg slik glede og emgasjement i å jobbe med og lære vekk - det var nesten for godt til å være sant!

For ikkje å gløyme at det passar så godt inn i ynskjet mitt om å være miljøvennleg, bruke naturlege og reine produkt i og på kroppen til meg og familien min.

Og sist men ikkje minst var det utruleg fint at alle som brukar oljene donerar samtidig pengar til firmaet sitt eigne hjelpeorganisasjon.

Som sagt;nesten for godt til å være sant!

Interessa for urter og planter kom nok tidleg, allereie på barneskulen. Leste om kva godt dei kunne gjere. Til dømes dei kjende; ingefær, kvitlauk, nyper. Begynte i seinare tid å tørke brennenesle og nytte den i te når me var forkjøla, og i tillegg til å bruke timian i mat brukte me dens slimløysande effekt når det satte seg førkjøling i bringa.

Det var nok ikkje før eg fekk borna at eg for alvor kjende på alle giftstoffa som er heilt vanleg å nytte, i alle heimar. Det fyste eg slutta med var å parfymere meg, eg klarde ikkje tanken på at babyen skulle lukte inn den sterke lukta men og dei giftige stoffane - berre for at eg skulle lukte godt.
Så gjekk det opp for meg at når eg brukte jif-spray til dømes, så vart det masse hormonforstyrrande små partiklar som vart pusta inn i babykroppen - og babyar/barn tek alt mykje meir inn enn oss.

Huda er ikkje så tjukk og beskyttande.

Skyllemiddelet - som eg egentleg brukte for lukta sin del, herlighet

- det er jo også fullt i giftstoff som eg kler på borna.

Eit giftstoff, ein lukt, ein parfymeandel - alt er jo testa kvar for seg for å være lovleg..,,, men når me brukar så mykje forskjellig, så vert "lovleg" verdien overskride ein lang gang. Og det me då gjer er å forgifte oss sjølv og ikkje minst borna med hormonforstyrrande stoff, kreftframkallande stoff, allergifremjande stoff...

Det skremte meg!

Ein god regel og lett plass å starte; sjå på innhaldslista - står det parfyme så anbefalar eg å la være å bruke det <3 

Eg likar heller ikkje så godt å bruke medisinar, eg vurderer gjerne om bivirkningane er større enn plagene. Så eg vart så glad no når eg kom over eteriske oljer, då kan eg til dømes bytte ut smertelindrande når eg har hovudverk. Når stresset har sett seg i stive skuldrar og opp i hovudet er det ikkje noko meir enn  å lindre smerten smertestillande gjer. Med dei eteriske oljene tek eg tak i dei stive skuldrene - tek tak i årsaka <3

Heilt reint - heilt naturleg frå planter - og ingen bivirkningar <3

IKKJE DUS PÅ Å STILLE MEG SPØRSMÅL! Enten her, epost, facebook sms eller ring/kom på besøk :) Eg elskar ein oljeprat! :)

2018-11-28 13.25.23.jpg

Kontakt oss

Thanks for submitting!

bottom of page