top of page
RUBS07042.jpg

Me er veldig glad i å jobbe med jorda alle mann.

Så frø, passe på og ikkje minst plukke og ete

- rett frå åkeren.

Smakfullt og heilt naturleg!

Me brukar ikkje kunstgjødsel og sprøytemiddel i åkeren. 
Me er Debio sertifisert økologiske og driv som resten av garden regenerativt. 

Me lagar kompost sjølv, og brukar elles plantedekke og grønngjødsling som vil seie at levande plantar brukast for å forbetre jorda. 

Sommaren 2020 gjekk me opp steget å dyrke for sal. (for hånd) 
Det var eit stort steg med mykje arbeid - men og mykje glede, god mat og glade kundar. 

2025 sesongen trakk me oss litt tilbake. Me prioriterte å fylle vårt eige lager. Dei næringsrike, reine grønnsakene fri for kunstgjødsel og sprøytemiddel ville me ete sjølv. Tidlegare har me solgt så mykje at me sjølv måtte handle på butikken. Og det gjev ikkje meining. 

Me ser på løysingar for å produsere nok for sal. Restaurantar og privatpersonar vert meir og meir like interessert som oss i å ete reint og lokalt. Men steget mot å ha nokon på lønningslista kjennes stort, samtidig nødvendig. Time will show... 

VELKOMMEN OG VELBEKOMME 

Kontakt oss; 
Renate Rendedal

Renndalen 3 

6899 Balestrand

Vestland, Norway

47237714

rendedal.renate@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook

©2019 by Rendedal Gard. Proudly created with Wix.com

bottom of page