top of page
RUBS0486 LH2.jpg

Renate er odelsjenta som kjem frå garden, den daglege bonden og pønsker ut mange prosjekt :) 

Bård Kjetil driv sitt eige snekkerfirma og jobbar fullt med det, og hjelper heime på garden i fritida. 

Trygve er fødd i 2014, Oline er fødd i 2015 så begge går på skulen.
Begge likar å være med på arbeidet på garden, men held sjølvsagt ikkje ut like lenge som mamma og pappa. 

Så her har vore kreative løysingar med vatn-leiker i fjøset i lamminga eller badebasseng i åkeren. 

Trygve likar nok best arbeidet i åkeren og ønsker seg sin eigen parsell, han vil selge grønsaker.

Oline er mest glad i fjøsen og dyra der, ho har sine favorittsauer Dalia og Prikkeline. 

 

I November 2021 kom veslesyster Astrid, me gler oss til å ta ho med på gardens eventyr, oppturar og nedturar :) Dei fyste 2 åra hang ho på ryggen til mamma kvar dag og var med på alt mamma gjorde, så om ho ikkje fekk med seg gardsarbeidet inn med morsmjølka så fekk ho tidleg grundig opplæring og interesse :) 
 

RUBS0668-2.jpg
2021-05-12 18.47.57.jpg

Dei gamle bileta var så søte, så eg let dei ligge her 

102916544_10157100643596697_924278244278
2017-05-05 14.06.40.jpg
2013-10-07 14.07.41.jpg
2018-08-25 14.53.59.jpg
41540780_2158849247482143_75338092592643

Kontakt oss; 
Renate Rendedal

Renndalen 3 

6899 Balestrand

Vestland, Norway

47237714

rendedal.renate@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook

©2019 by Rendedal Gard. Proudly created with Wix.com

bottom of page