top of page
2017-07-26 09.52.25.jpg


Det er fantastisk å kunne tilby lammekjøt som har omdanna lav og urter på høgfjellet til proteinrik og smakfull menneskeføde, kven skulle tru at dei snøkledde fjelltoppane kunne gje oss mat?!

Me føler oss utruleg priviligerte som kan leve så tett på den ville naturen, leve av - med og mot naturens vær og årstider. Ikkje eit år er likt, utfordringane og  overraskelsane varierer frå år til år.

Etter at me lærde om å drive garden regenerativt, å regenerere-reparere ser me og at me kan snu realiteten om at landbruket er ein av dei største miljøverstingane til å kunne bli landbruk som reparerer og snur miljøutfordringa. 
Det er utruleg kor lite som skal til for å snu mange av utfordringane me hadde som bonde. Mange ting me som tradisjonell konvensjonell bonde brukte mykje tid og energi på å bekjempe, det ordnar seg sjølv når me let dei naturlege prosessane ordne opp sjølv.

For ikkje å snakke om resultatet, maten vi produserer. Grønnsakene, kjøtet og egga får eit mykje sunnare innhald av vitaminar og mineralar. Det er levande mat og me kan faktisk sjå og kjenne det på smaken i tillegg til å måle forskjellane.   


Me gler oss over å kunne dele dette med dykk! Ta kontakt om de lurer på noko! 

Kontakt oss; 
Renate Rendedal

Renndalen 3 

6899 Balestrand

Vestland, Norway

47237714

rendedal.renate@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook

©2019 by Rendedal Gard. Proudly created with Wix.com

bottom of page