


Gardsbesøk
Me syns det er kjekt å vise fram gardsdrifta vår, plantene og dyra våre. Og har lyst å ha åpne dagar omlag ein gong i månaden.
Renate likar å lære borna litt om kor maten kjem i frå, så det vil alltid bli ispedd litt teori og praksis.
Det vert ikkje reine kosebesøk for å sjå på garden "utanifrå".
Me har ulike tema me fokuserer på alt etter kva sesong me er i.
Td; egg/kylling i påska, lam og sau på våren, grønnsaker på sommaren...
INFO
Det kostar pr no kr 120,- pr familie.
Førehandsbetaling/påmelding på vipps, så me veit kor mange som kjem.
Me har eit lite butikkutsal med økologiske produkt. Enten frå garden eller tørrvarer i lausvekt.
Td. speltmjøl i ulike grovheiter, sukker, krydder.
Ta med emballasje/boksar etc.
Egg, løk, kvitløk har me no av gardsprodukt.
Me har også eit utval i eteriske oljer for sal.
Me har eit lite kafè-utsal.
Men de må gjerne ta med matpakken alikevel, ingen kjøpsplikt på gardsbesøket.

