top of page
RUBS0528 lam i skog2.jpg

Om oss

Me tok over garden i 2013.
Bård Kjetil driv sitt eige snekkar-føretak, medan Renate har hovudansvaret på garden.
Me produserer sauekjøt, småskala egg og grønsaker.

Me ynskjer med gardens ressursar i botnen å produsere gode og naturlege råvarer til oss sjølve og kundane våre.

Me har gått meir og meir vekk i frå den intensive, konvensjonelle måten å drive landbruk. 
Me har lyst å få opp att jord-livet på garden, og jobbe med alle dei naturlege prosessane under bakken. Eit utruleg spennande tema som er nyttig for både oss og naturen. 

Og så vil tida vise om me får det til, ikkje minst tidsmessig og økonomisk. Å leve AV, FOR, og MED naturen. 

 

bottom of page