top of page

VELKOMMEN 

Velkommen til doTerra og team Rendalsbudeia! 

For det er det me er no, eit team. Sidan doTerra er eit nettverksselskap der vår betydning har noko å sei - for dei over oss og under oss. 

Ein kan velge å være ein kunde, ein kan velge å anbefale oljene til vener, verve dei - og slik finansiere noko av ditt eige forbruk, eller de kan velge som meg å jobbe med det. (og då vel ein heilt sjølv i kor stor grad)
Eg har lyst å lære vekk, veilede, gi tips og råd - ha facebookside og internetside... Men desse tinga erstattar ikkje det mest viktige - den menneskelege kontakten! Meldingar, telefonar og det å svare på ting som de lurar på. Det er akkurat desse "oppfølgingstinga" som er det viktigaste tenker eg, og når de vert erfarne oljebrukarar, kan de også tipse venninda dykkar og gje råd. Og bruke oss andre oppover i organisasjonen. 

Eg har facebookside; Eteriske oljer med Rendalsbudeia - medlemsside
Men eg tenker eg vil prioritere denne nettsida og epostbrev framover. 


På instagram legg eg gjerne små tips innimellom; @rendalsbudeia

Wenche Tollefsen delte doTerra med meg, ho har facebookside med masse nytting informasjon, og der får sjølvsagt me få være med; Helse, inspirasjon og glede - eteriske oljer 

Over Wenche ligg Henriette Kalgraff, ho har gruppa; Inspira Livsstil med Henriette Kalgraff
Ho fokuserer på heilheitleg livsstil, at tankemønster og emosjonell helse spelar inn på den fysiske helsa - og korleis eteriske oljer kan hjelpe. 

 

Over Henriette er Elena Brower, som har ei fantastisk rikhaldig internetside med mykje informasjon og inspirasjon. Essential Practice. 
Her er det mogeleg å registrere seg med ID nummer i doTerra for å få gratis tilgang til innhaldet. 

Om du ynskjer å dele/jobbe med doTerra er det mange plassar som det fins informasjon og inspirasjon til det også, Gje beskjed så skal eg melde deg inn i gruppene, gi deg informasjon kor du kan være med. 

Det eg syns er så fint med doTerra er at eg jobbar som sjølvstendig, eg har "mi bedrift" samtidig har eg alltid nokon under meg eller over meg som kan støtte, steppe inn om eg treng pause/er utan dekning, eg kan spør om råd, eller innimellom er ikkje eg den rette til å rådgje deg/gir deg ikkje det DU treng - då er det fint å ha fleire å spele på oppover i organisasjonen.
Og ikkje minst dette fantastiske samhaldet med damer på kryss og tvers i doTerra organisasjonen,

 

BØKER

Eg anbefalar å kjøpe seg bøker for å kunne slå opp sjølv når ein lurar på noko. 

Eg les ikkje bøkene frå perm til perm, men brukar dei som oppslagsverk. 

Enten at eg får ei ny olje eg lurar på, så sler eg opp på den (for eksempel kvar månad er det ei gratisolje - den pleier eg slå opp for å sjå korleis den jobbar) 

Mest av alt så slår eg opp i bøkene når eg har ei utfordring, om det er fysiske utfordringar eller emosjonelt. 

Symptom og smerter, sjukdommer og fysiske utfordringar er det så strenge reglar på om ein kan prate om eller ikkje i forhold til eteriske oljer. 
Både nasjonale lover men også retningslinjer i doTerra, på grunn av lovene i dei fleste land. 
Det er fordi eteriske oljer er ikkje godkjende som medisin. 
Det er mykje forskning på eteriske oljer og fysiske utfordringar, så eg anbefalar deg å undersøke sjølv. 
Eg har til dømes ikkje lov å snakke om virus/virusdrepande, men eg kan sei at den og den olja styrker immunforsvaret. 
Eg kan snakke om sirkulasjonssystemet som innbefattar hjarte og karsystemet, eg kan snakke generelt og breidt - men ikkje ned på symptomnivå. Eg kan fortelle at oljene styrker, lindrer, gjer godt - men ikkje at dei kan fjerne smerte, eller  ta vekk sjukdommar. 
Men det betyr ikkje at ikkje oljene virkar og kan hjelpe mange med mykje fysiske utfordringar. Det betyr berre at det beste er om DU les det sjølv :) 


 

 

 

Så ei av mine fyste bok anbefalingar er 
* Modern Essentials Håndbok
Eg har att eit par eksemplar av den til 260 kr 
ellers kan den kjøpast på nettet,
her er ei nettside som sel den; www.natur.no

Henriette har også laga nettbutikk, der me kan kjøpe bøker
Inspira shop

Dei 3 bøkene ho no sel er dei eg foreløbig likar best og brukar mest. 
I mi prioriterte rekkefølge

* Essential emotions 
Bok om følelsane våre og oljer, korleis oljene kan hjelpe oss med tankemønster og følelsar <3 

* I am fabulous av Desiree Mangandog
Ei kjempekjekk oppskriftsbok med oppskrifter for følelser og tankemønster, og korleis dei ulike oljene virkar. 

* GIFTS OF THE ESSENTIAL OILS 
Også om oljer og følelsar, litt meir spirituelt vinkla. Utruleg kjekk, med opprskrifter for kvar olje og veldig "feel good" bok som eg koser meg med <3 

 

 







 

Skjermbilde 2021-01-26 13.43.42.png

For deg som likar å høyre/sjå film istadenfor å lese, så fortel eg litt om bøkene her :) 

Hei! Lurar du på noko? 

Thanks for submitting!

bottom of page