top of page
2018-02-19 13.03.49.jpg

SAU

Sidan me tok over garden i 2013 har me bygd om fjøsen til topp moderne stordriftsløysing med kraftforautomatar. Og auka opp med saueantalet for å få ei effektiv produksjon av lammekjøt.

Me såg undervegs at me ynskte å endre fokus.

Me ville snu effektivitetsttankegangen, med kraftfor i front, til å tenkje mest mogeleg grovfor og kvalitet framføre kvantitet.

Sauen er eit beitedyr som nyttar for-ressursane på høgfjellet, urter og lav og høgfjellvekstene gjev lammekjøtet kvalitetar i smak.

Det at sauen kan produsere menneskeføde på areal og ressursar me ikkje har sjangs å få mattilgang på på eiga hand er heilt fantastisk, det er eit viktig poeng når me må auke produksjonen av mat i tråd med folkeauken i verda. Lav og gras frå 1000 moh kan verte mat til oss -FANTASTISK!

Beiting er også viktig for det biologiske mangfaldet og økosystem, det vert også viktig i framtidig bærekraft. Beiting bidreg også til å binde karbon i jorda.

Me tykkjer det er viktig å slakte lam av god kvalitet helst rett frå fjellet.

Me har eit mål om å nytte minst mogeleg kraftfor i besetninga.

Me har fått til eit godt opplegg der sauene har godt hald, god helse og produserer store fine lam av god slaktekvalitet. Men me kan alltids verte betre, så målet er kvart år å få bedre og bedre snittkvalitet - og gjer årlege endringar for å utvikle oss.

Me tykkjer det er viktig å la sauene lufte seg, frisk luft og morsjon heile året er godt for den generelle dyrehelsa. Me let dei og få tilgang til å gnage på stokkar og greiner i tillegg til tradisjonell foring.


I 2019 var me med på eit forskningsprosjekt der me såg på om lamma har betre

overlevingsevne om sauene får morsjon i drektigheitsstida.

Så halve flokken stod inne i trange bingar på under 1 kvm per sau,

medan resten fekk morsjon og utegang. 

bottom of page