
Leitar me etter
DEG?
Me ser at etterspørselen er stor etter lokale og reine grønnsaker, men med 3 born og sauer (då kræsjer lamminga på våren litt med planting og vårarbeidet i åkeren) så strevar me med å produsere nok for sal. For me ha jo lyst å fylle opp vårt eige lager fyst.
Det er skummelt å sette nokon på lønningslista, klarar me å produsere nok til å betale det?
Skal frykten min stoppe oss for ekspansjon og at dei fantastiske produkta våre ikkje kjem på markedet?
Eg tenker det kan være ei av oppgåvene til den eventuelt nytilsette, være med på planleggingsfasen og rekning og budsjettering. Kanskje det kan være ei skuleoppgåve?!


Målet
Målet med tilsettinga må være å få hjelp på garden, til å auke produksjon/sal. Få hjelp til førefallande, rydding/vasking/maling, hjelpe i lamminga om det er interessant for deg. Flytte og mate høner. Og me har og på tanken å kjøpe inn smågris til utegang neste sommer.
Me er veldig fleksible angåande kor mykje og når det skal arbeidast. Alt hjelper.
Me har behov for hjelp i mai, når det er lamming og planting/klargjering av markedshagen.
Det varierer veldig kor tid me kan starte i åkeren, me har Jostedalsbreen som næraste nabo.
Så 1-15. Mai er veldig variabelt år for år.
Me har starta å ha lamming rundt 17. Mai, då kan alle lamme ute.
Fyste ugrasrunden i Juni er og avgjerande for oss å få hjelp. Og så pleier me slå gras ca siste veka i Juni. I år var me tilbake til å slå i silo og begynte hesja for fyste gong sidan 80 talet.
Sauene er på fjellet på sommaren, så då er det berre hønene å flytte heime. Vår og haust nyttar me regenerativ beiting og nye skifter hyppig for sauene. Vinteren forar me sauene ute, dei går inn å søv i fjøsen.
Men klarar å sysselsette folk heile sommaren, men er ikkje eit must :) Det kan me pratast og einast om.
Meir info
Eg kunne skrive mykje om oss og korleis me driv for å lokke interessen hitover :)
Tenker eg brukar litt linkar i staden. På WWOOF sida har eg skrive litt detaljert om oss, samtidig som me har fått gullande gode tilbakemeldingar der.
På instagram har eg posta mykje, både før og etter eg "våkna" og vart økologisk :) (Når eg tok over i 2013 var garden konvensjonell og intensiv)
I sommar har eg ikkje hatt lyst å være så mykje på sosiale medier, tenker eg har lyst å kommunisere meir med kundar via epost og heimesida framover og ikkje være "avhenging" av algoritmar.)


LINKAR
Du kan trykke på desse linkane for å sjå meir:
WWOOF