top of page

No er oljene komne, du har fått bøker så er  det berre å begynne å prøve! 

Denne informasjonen under pleier eg å sende ut på epost, så de kan skrive den ut og ha den saman med oljene. Gi ein lyd om du vil ha den tilsendt på nytt! 


Eg har laga til knappar attmed oljene, de kan trykke på for meir informasjon 

 

GRATULERER MED FAMILIEPAKKEN og velkommen til doTERRA-familien! ❤
Eg vil gi nokon start-tips og råd, for oppstart av pakken. Slik at det vert lettare å sette i gang og ikkje fullt så overveldande.

 

  1. SITRON

Set sitronflaska på kjøkenet.

  • Kvar morgon tek du 1-2 dråpar sitronolje i vassglas og drikk på tom mage.

Hjelper kroppen å verte kvitt avfallstoff om morgonen

  • Kan ta 1-2 dråpar på kjøkenkluten når du vaskar, eller i sprayflaske med vatn og onguard.
    Kjempegod på flekker.

  • Kan bruke i maten

  • God for fordøyinga og immunsystemet, samt luftvegane

  • God i diffusaren

  • Emosjonelt er dette oljen for fokus, lys

 Antibakteriell, oppkvikkande, løftar humøret, god for fordøyinga, antidepressiv og angstdempande.

 

2. LAVENDEL

Set på soverommet eller badet. God og mild olje som ein trygt kan bruke på barn.

Allsidig olje, «Er du i tvil, bruk lavendel»

  • 1-2 dråpar lavendelolje og nokre dråpar kokosolje, smør under føtene før leggetid på vaksne og born.

  • 2-3 dråpar i kapsel og svelg, ved smerter, gjerne i lag med peppermynte og frankincense.

  • Ved milde smerter kan ein ta ilag med kokosolje og smøre der ein har vondt, om det er musklar/hovud kan ein ta ein dråpe peppermynte i lag med. Gjerne også i lag med frankincense.

  • Brannsår og sår; drypp olje på, gjerne hyppig i starten.

  • Drypp på hovudpute for betre søvn

  • Om ein plagast med negative tankebaner eller ikkje klarar å «skru av jobben», smør lavendel under føtene eller i nakken.

  • God for angst og rastlausheit, i diffusar eller smør på deg.

  • Ved utslett, kløe etter stikk eller brennenesle eller andre hudplager; i lag med kokosolje og smør rett på.

  • Emosjonelt er dette olje for kommunikasjon og ro.

Avslappande, roande, betennelsesdempande, smertelindrande, god for hud, god mot stress, følelsesmessig balanse for å nemne noko.
 

 

Plukk deg ut eit par oljer du vil starte med dagleg, og kanskje diffusaren. For å få inn gode vanar og ikkje bite over for mykje på ein gong. Om ein startar med for mange oljer med ein gong kan det også verte for mykje – i så fall seier kroppen i frå 😊
Frankinsence er også ei god olje å sette i gang med. 

 


 

3. PRØV DIFFUSAREN

Fyll vatn max opp til den raude streken i behaldaren, drypp oljer oppi vatnet.

3 til 10 dråpar er eit godt utgangspunkt. Varierer på størrelsen på rommet, prøv deg fram .
 

God både om morgonen og ettermiddagen

  • Avslapning, roe nervesystemet; 3 dråpar lavendel, 2 dråpar frankincense

(eventuelt berre lavendel)

  • Ved smitte i omløp; 3 dråpar on guard eventuelt i lag med oregano

  • Lekser; 3 dr rosmarin, 2 dr sitron

Om ein veit ein skal bruke den til noko anna snart, så treng ein ikkje fylle full med vatn, (då må ein tømme det ut)

Har ein baby/små barn i hus held det med 15 min om gangen. 2-6 år 30 min-1 time.
Ein prøver seg fram, heller kort og fleire ganger i starten.

Rens diffusaren 1-2 gonger i månaden. Hell oppi vatn og 1 ts eddik. Set diffusaren på i 5 minutt (gjerne ute 😊 )

 

4. ROSMARIN

Skal ikkje takast innvortes til barn under 6 år, eller om ein har høgt blodtrykk eller er gravid.

  • Ta 3-5 dråpar i shampooen din, god for håret.

  • Ved lekser/studering/fokusering/hukommelse; bruk i diffusar eller smør på pulsområdet på handa

  • Ved overgang, endring, forandring støtter rosmarin – bruk i diffuser eller smør på kroppen

  • Emosjonellt er rosmarin oljen for kunnskap og endring, ein vert åpna for nye opplevelsar og aukar evna til tilpasse seg.

Smertelindrande, god for immunsystemet, aukar blodsirkulasjon, god mot utmattelse, fokus, stress

 

5. VILL APPELSIN

Gir glede og lys i cellene, hjelper å komme i følelsesmessig balanse, er beroligande og hjelper mot nervøsitet.

  • 2 dråpar i vassglas, eit par gonger om dagen eller ved behov

  • Mot nervøsitet, angst; i diffusar gjerne saman med sitron, lukt på flaska, drikk

  • Ein kan også smøre den øvst på magen saman med baseolje.  

  • Emosjonelt er vill appelsin oljen for overflod

God for fordøyelsessystem, immunsystem, god for å være i følelsesmessig balanse, god for hud.

 

6. ZEN GEST

=Fordøyelsesblanding, inneheld: Ingefær, Peppermynte, Estragon, Fennikel, Karve, Anis
God for alle problemstillingar med magen, om ein har treg mage, laus mage, mageknip etc.

  • I lag med kokosolje kan ein smørje ein dråpe rett på magen ved ubehag, oppblåstheit, diare, forstoppelse, mageknip, kvalme

  • God for å fordøye livet, endringar som skjer – smør under føtene eller på magen.

  • Kan også ha 2 dråpar i vassglas og drikke

  • Problem med bihulene; smør øvst på magen

  • Emosjonelt står zen gest for fordøye og tilegne seg ny informasjon/opplevelsar

 

7. ONGUARD

Immunforsvarsblanding/Beskyttelsesblanding – inneheld appelsin, nellik, kanelbark, eucalyptus radiata, rosmarin

  • God i diffusar i sesongar der det kan være godt å styrke immunforsvaret

  • Smør under føtene eller nedst på ryggraden ved sjukdom, eller på halsen om ein har symptom på sesongbetonte plager

  • For immunforsvarboost, ta ein dråpe på fingen og legg under tunga eller oppe i ganen.

  • Hostar ein mykje er den også godt å ta ein dråpe i munnen

  • Ha i sprayflaske; 5 dråpar onguard og 5 dråpar sitron pluss vatn - til vask av overflater. Kjøkken. Bad

  • Oppløftande og roer stress

  • Emosjonelt er det olja for beskyttelse, smør øvst på solar plexus for å styke grensene sine/styrker ein så ein ikkje føler seg så sårbar.

 

8. FRANKINCENSE

Kongen av alle oljer. Ved bruk i lag med andre oljer forsterker den virkningen til dei andre.

  • Ved depresjon; saman med kokosolje- smør på tinningen og panna

  • Ved mental utmattelse; smør på tinningen, bak nakken, leverområdet eller føttene for å fremme avslapning

  • Leddgikt; masser leddene forsiktig med 3 dråper frakincense, 4 dråper peppermynte, 2 dråper merian og  1 ss kokosolje

  • Betennelse; i lag med lavendel i kaldt vatn. Legg ein klut oppi og lag kaldt omslag på det betente området.

  • Ellers er den god saman med dei andre oljene ved muskelsmerter, hovudverk

  • I diffusar eller smurd på kroppen virkar den og til å fokusere energi, minimere distraksjonar og forbetre konsentrasjonen. Den kan lette hyperaktivitet, utolmodighet, irritabilitet og rastløshet.

  • Emosjonelt er dette oljen for sannheit.  

Motvirker smitte, betennelsesdempande, antiseptisk, slimløysande, immunstimulerande og beroligande.

 

 

9. PEPPERMYNTE

 

  • Ved sesongbetonte plager i sommarhalvåret; Bland 2 dr peppermynte, 2 dr lavendel og 2 dr sitron. Smør ei lita mengde på tinningen, under nasen og/eller under føtene morgon og kveld. Ta det i kapsel, og sist men ikkje minst bruk blandinga i diffusar.  

  • Ha med peppermynte i bilen, om ein føler seg uvel eller trøytt kan ein lukte på den.

  • Lindrande saman med lavendel og frankincense. Smør rett på hovud, skulder og nakke. Eller prøv deg fram med ein av dei/blanding…

  • God på ømme musklar, eventuelt saman med lavendel.

  • Tettheit i bringa/lungene/forkjøling – smør på peppermynte og eller pust inn

  • Oppkvikkande; ein dråpe på dusjgolvet om morgonen, eller pust på flaska/smør på om ein vert trøytt når ein må halde ut lenger. Eller attmed vekkerklokka, snus på peppermynte og ikkje snooze.

  • Emosjonelt er dette oljen for «a buoyant heart» eg oversetter det til drivkraft?! 😊 Det gir ein styrke til å face emosjonell smerte, ein vert optimistisk og føler lettelse

Støtter følelsesmessig balanse, musklar og skjelett, nervesystemet, luftvegane og huden.
 

           

10. OREGANO

God for immunsystemet, luftvegane, musklar og skjelett.

ALDRI U-TYNNA RETT PÅ HUDEN, DEN ER STERK SÅ DEN KAN SKAPE HUDIRRITASJON

 

  • Blande 1 dr oregano og minst 3 dr kokosolje for å ha den på huden. Tynn meir ut til barn under 6 år

  • Vorter; smør rett på vorta dagleg.

  • God mot træler og munnsår og for immunsystemet

  • Er varmande om ein masserer den på huden

  • Oreganorens;  Renser fysisk – detoxkur.

Renser også emosjonelt, kutter. Kutter negative forbindelser. Hjelper så ein står opp for seg sjølv.

Oreganorens 10 dager; 1 eller 2 dråper i kapsel 2 ganger om dagen i 10 dager.
MÅ HA PROBIOTIKA ETTERPÅ FOR Å STABILISERE DEI GODE TARMBAKTERIANE,  
PB Assist er probiotika hjå doTERRA, dei er dobbeltkapsla- så dei vert ikkje opna før dei kjem til tarmen der dei skal være.

Antibakteriell, styrker immunsystemet, luftvegane, musklar og skjelett.


ANDRE TIPS;

  • Eteriske oljer er sterke, så dei må ikkje ligge i plast.

Td plastflaske, då trekker dei plasten ut i frå flaska og inn i vatnet. Om ein vil ha med seg vatnflaske med oljer i kan ein nytte glasflasker eller stålflasker.

  • Sitrus oljer er lyssensitive, det vil sei at dei kan skape hudirritasjon/kløe om ein har det på huden og går i sola før 12 timar er gått.

Om ein vil nytte sitrusoljer om sommaren med mykje sol kan ein smøre under beina eller ta det innvortes. Det er berre huden som er smørt med oljer som reagerer.

  • Får ein eteriske oljer i auge eller ynskjer å vaske dei vekk må ein nytte anna baseolje. Kokosolja, olivenolje eller kva som helst olje. Ikkje vatn – det vil gjere det verre.

  • Hugs at oljene er potente, treng ikkje mykje av dei om gongen – heller lite og fleire gonger enn mykje på ein gong.

Har du spørsmål? 

Takk for meldinga! Eg svarar så fort eg kan!

bottom of page