top of page

Nyklekte kyllingar

Updated: Apr 1, 2019

Det er alltid like spennande å sjå kor mange kyllingar som kjem ut av egga sine, enno meir spenning vart det når me begynte å selgje rugeegg - då skal kvaliteten være god og klekkeprosenten høg.

Og så er dei sååååååå søte <3



Fyste timane vil dei berre kvile seg etter den harde kampen ut av eggeskalet, og tørke. Dei fleste kom på natta så me kunne helse på dei på morgonen, utruleg mjuke, gode små nøster. Ein dag gamle er dei kvikke og raske. Når me tupper fingeren i bakken kjem dei springande, dei har i seg å springe dit høna kakker med nebbet sitt for å lære å ete. Dette kullet var veldig flinke å komme når me ropar/lager tappesignal. Spesielt glad er dei i Trygve - spring i full fart til Trygve-mamman sin :)




Comentários


Kontakt oss; 
Renate Rendedal

Renndalen 3 

6899 Balestrand

Vestland, Norway

47237714

rendedal.renate@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook

©2019 by Rendedal Gard. Proudly created with Wix.com

bottom of page