Når lamminga nærmar seg, eller igrunn heile året - lagar ein planar. Ein byrjar kanskje inneværande år med å planlegge endringar for neste år. Ein lagar forplanar, etter at ein har teke prøve at grovforet ser ein kor mykje dei treng og kor mykje som må supplerast med kraftfor og vitaminar. Og foringsmengda endrar seg utover i drektigheita - heil detaljert på sauennivå - kor godt hold dei har, kor gamle dei er og kor mange lam dei ventar.
Og så skal det lagast innkjøpsplanar, vaktplanar, bingeplanar, og så vidare.
I år har eg og laga meg olje-plan til lamminga. Nytt av året er at eg er ivrig brukar av eteriske oljer og konsulent. Så eg gleda meg til å bruke oljene som støtte i lammingsperioden, og lage meg ein plan på den. Planar er godt å ha - gjerne skriftleg. Når ein kjem ut i lamminga så vert ein så trøytt og gløymsk at det er godt å ha ting skriftleg :)
Det fyste eg tenkjer på er at når eg skal sove, så vil eg ha kvalitetssøvn. Då vil eg bruke lavenel under føtene før eg legg meg, det hjelper også å få ro og roe tankane. Ein kan verte overtrøytt og gira seint på kvelden og utover natta om det har vore mykje gjort, eller mykje å tenkjer på skal gjerast. Så kan det og være vanskeleg å skru av.
Eller motsatt, går ein langt på natt og ventar på at ein sau skal lamme - når ein er så trøtt at det gjer skikkelig vondt i kroppen, har BERRE lyst å sove. Augene, musklane og hjernen skriker etter å legge seg ned å ta ein kvil - då tenkjer eg å prøve peppermynte. Puste inn peppermynte for å kvikne litt til. Peppermynten skal eg også smørje meg med når musklane verker <3 Eg har nettopp kjøpt meg Merian og, den er eg spent på å prøve på utslitte musklar.
Og så tenkjer eg dei vanlege morgenrutinane er viktige, dei gjer godt til vanleg - men i lamminga og når ein er sliten så er det ekstra godt å bruke nokre minuttar på seg sjølv og på å føle seg litt betre og få ein god start. Eg startar alltid med eit glas vatn med 2 dråpar sitron i for å rense kroppen. Det kan eg ta på veg ut i fjøsen for å ta fyste sjekken.
Så tenkjer eg å vaske fjeset med kaldt vatn vil gjere godt - kjenner kor augene og fjeset kviknar til av vatnet :) Før eg smører på doTerra ansiktskremen min med ein dråpe Blue Tansy i for action og inspirasjon.
Balance er eit must for meg kvar dag, den gir meg balanse - og ro i kroppen, ikkje verte ALT for over engasjert, eller verte ALT for lei meg om det ikkje går min veg.
Til frukosten tek eg alltid DDR prime, oljeblanding i tablettform for god cellehelse.
Og får eg eksem av lamminga så brukar eg lavendel på det.
Eg tenkjer ei god oljeblanding å bruke i diffusaren i denne travle tida, både morgon og ettermiddag når heile familien er samla er for eksempel
- 2 dråpar peppermynte - for energi
- 2 dråpar villappelsin - for glede og godt humør
- 2 dråpar sitron - for å styrke immunforsvaret og gi glede og energi
Ellers vert eg fort sur og utolmodig og har kort lunte når eg er veldig sliten, så då tenker eg at å drikke villappelsin vil være til god hjelp. Ha eit par dråpar i vassglaset.
Eller bruke blandingane cheer, motivate eller in tune (fokus blanding) for eksempel.
Det er nok noko av det eg har vorte mest overraska over etter eg starta med oljene, er kor hjelpsomme dei er på humøret, god hjelp når ein strevar eller er sliten og lei.
Til meir eg har prøvd oljene og fått dei inn som kvardagsrutine og kjent kor godt dei gjer for kropp og sinn, til meir har eg gledd meg til å bruke dei i den travlegaste tida på ein sauegard. Ein pressar kroppen mykje i lamminga og våren generelt med onning, så no gler eg meg til å kunne ha eit redskap å gjere tida litt lettare. Få betre søvn og restutisjon mellom slaga, meir overskot, stelle slitne musklar eller ikkje verte så sliten at eg får ei konstant "monstermamma" tilstand - i allefall berre små visitt :)
Comments