• Renate Rendedal

Sommar favorittar


Eg ser me har fått ein absolutt sommar-favoritt, eller rettare sagt sommar-behov. Lavendel med sine utruleg mange gode eigenskaper gjer at den vert brukt mange gonger om dagen og forbruket er meir enn eg hadde forventa før sommaren satte i gang.

Nesten som at eg vil ha den med i lomma til ei kvar tid - den skal i allefall være med på ferie og lengre turar.




LAVENDEL er kjempegod å smøre på myggstikk, kleggstikk, brennenesle"stikk" då den lindrar kløe. Me bruker den også mykje på skrubbsår og andre bonde/snekkar sår - og dei vert det mange av i familien armar og bein :) Knott og mygg likar ikkje lukta av lavendel, så seine utekveldar kan den være god å ha.


Solbrent og kløande hud smører eg lavendel på.

Har me vondtar i hovud, stive musklar smører me på lavendel. Og så er den avslappande, så den er god i diffuasar eller under beina når me skal sove <3


Me begynner å verte tom for lavendel no ser eg, og er glad me har ein ny på veg - håpar den rekk fram til me skal på ferie. Eg har og bestilt ein kjekk lavendel i "deodorant-rull-flaske" som er utblanda med kokos. Den tenker eg ungane kan få bruke sjølv når dei klør, eller skal legge seg.

Ungane er begynna å fatte meir interesse i å gjere sjølv og ta initiativ til oljene, så eg tenker eg får legge meir til rette til det, SITRON OG VILL APPELSIN er og to oljer me fekk med i fyste familiepakken, dei er og oljer me ikkje klarar oss utan. Sitron drikk me kvar dag i vatnet når me står opp. Dette for å hjelpe med å verte kvitt avfallsstoff og giftstoff i kroppen om morgonen. Den påvirkar og fysisk og mentalt. Me brukar sitron som skyllemiddel i klesvasken, vaskespray på kjøkken og bad. Vill appelsin brukar me og mykje i drikkevatnet og i luftspreiaren, ei oppløftande frisk olje.


BLUE TANSY eller BLÅ REINFANN (ironisk nok ein gul blomst:)

har me og brukt mykje. Eg har hatt den i ansiktskremen (som eg og sjølvsagt har handla hjå doTerra:) den hjelper huden min om tidlegare har vore veldig kvisete. (sjarmerande med ein kvisete nesten-40 åring) Og så har eg smurt den under beina for action og inspirasjon, det kan være kjekt ein travel sommar.


PEPPERMYNTE er og med i familiepakken, den er god på stive og ømme musklar. Den er energigivande, så når eg trøytt køyrer til eller frå jobb luktar eg på peppermynte. Så den har eg alltid liggande i bilen. Når ein skal på lengre ferieturar er den og kjekk å ha til kvalme barn, å sniffe på peppermynteflaska stilnar kvalmen.

Den er og god å ha i diffusaren for å kvikne til når ein er sliten (eller når ungane er slitne) her i huset er den gjerne i diffusaren når eg lagar middag - i lag med vill appelsin, sitron for eksempel - det er ofte ein "anspent" time her i heimen.

LEMONGRASS er ei olje me har brukt mykje i sommar, i lag med dei andre "vaskeoljene", sprayer den på madrasser og sengetøy (mmmmm), i diffusar (luftspreiar) den er veldig god til å rense lufta, god på musklar og ledd. Og så vert den kalla "ryddeolje", så me har brukt den nesten dagleg i sommar i forbindelse med rydding i lager, garasjesal og rundt på garden.


No held eg på å gløyme ZEN GEST, fordøyelsesblandinga. Den er jo ei av oljene både store og små brukar nesten dagleg. Spesielt no i ferietid er maten veldig varierande, og det kan gå på magen laust. Om det ein dag er halv liter blåbær til lunsj, 3 is eller om me et nye spennande saker - eller på kafeear og restaurantar. Magen får jammen køyrt seg om summaren. Mageknip, overspist, laus eller treg mage. Her smører me på zen gest på magen for å hjelpe fordøyinga.

I tillegg til å være ivrig brukar av eteriske oljer i kvardagen så er eg konsulent for doTerra som sel oljene, det er så utruleg spennande å fordjupe seg i oljeverden, dele oljene og ikkje minst sjå og høyre korleis andre får glede, nytte og hjelp av oljene. Om du vil vite meir må du meir enn gjerne spør, enten på telefon eller melding, eller me kan treffast så du kan få lukte på dei og :)




Om du vil verte medlem og kjøpe familiepakken kan du sjå her for korleis du gjer det; https://www.rendedal.com/blank-page-3

På mi side hjå doTerra kan du også kjøpe enkle oljer, eller du kan bestille hjå meg :)

https://www.mydoterra.com/renaterendedal/#/




21 views

47237714

©2019 by Rendedal Gard. Proudly created with Wix.com