top of page

Mest overraskande bivirkningar av eteriske oljer.

Sidan eg starta med eteriske oljer i starten av året har eg fått nokon aha opplevelsar.

Eg har brukt oljene av ulike grunnar, men at det følger med slike "bivirkningar" overraskar meg, og det oppdagar eg fyst i ettertid.





MJUKARE HENDER

Både eg og Bård Kjetil er mykje ute å jobbar sommar som vinter, og har mykje tørre/såre hender. Det me har enda opp å bruke er halvliters krukke med Locobase - kjempefeit krem frå apoteket. Det har vore det einaste som har fungert som handkrem for oss. Gjekk plutseleg opp for meg her om dagen at eg har ikkje smurd hendene mine heile lamminga. Og DET er uvanleg! HUDEN I ANSIKTET

Eg har vore mykje plaga med kviser (eller acne om ein snakkar"rett" :) Uansett kva eg har ete, testa utallige hudpleieprodukt som skal gje mindre feit hud. Reinseduppedittar etc etc... Kvisene har alltid komme, og liksom berre alltid vore der. I større og mindre grad. Det ser jammen ut som at dei skal halde seg vekke i lenger periode no. Huden i ansiktet er mykje finare <3


EG ER GOD MED MEG SJØLV

Eg har nok kanskje vore min verste fiende, ikkje vore flink å ta vare på meg sjølv verken fysisk eller mentalt. Eg har jobba hardare enn eg bør, er meir "streng med meg sjølv" enn eg bør og generelt har eg vore lite flink til å ta signala kroppen sender. Har eg vore stiv i skuldrene smører tøyer eg ut eit par ganger, har eg hovudverk tok eg paracet osv. For det fyste klarar eg overraksande nok å halde på dei gode oljevanane mine, til og med i den travle lamminga. Kvar morgon og kvar kveld, og innimellom midt på dagen. Det hadde eg nok ikkje trudd. Eg er ikkje flink til å halde på desse "gode" vanane i lang tid. For det andre har eg og verktøy som eg nyttar når eg treng det, og tek signala kroppen sender og gjer noko med årsaken til stive skuldre eller hovudverk.


EG DRIKK MINDRE KAFFI

Eg hadde aldri trudd at eg skulle kutte det høge kaffiforbruket mitt. Eg ELSKAR kaffi <3

Men jammen er eg nede på eit par koppar om dagen. Gode koppar, men få.

Eg klarer ikkje sei om det er heilbevist, ubevist eller kvifor. Men eg drikk myyyyyykje vatn 2-3 liter om dagen. Og mykje mindre kaffi.


VEKTA HAR GÅTT NED

Eg har berre vege meg når eg har vore til helsesøster å sjekka magevidde og vekt når eg var gravid, og egentlig ikkje noko utanom det. Mykje bevist for at kroppen min skal få være slik den er utan at eg teller kilo og gram og er uvøren med meg sjølv på grunn av det.

Men no er det ein smule irriterande å ikkje vite. For eg kjenner at alle kledene begynner å verte romslege. Då hadde det vore kjekt å ha eit tal på det. Eg har ikkje vore bevist på vektnedgang, har nok hatt eit ynskje om det, men ikkje jobba mot det bevist.

Etter at eg begynte med eteriske oljer har eg nok vore litt meir bevist på kva eg et og drikk. Sukkerinntaket har minka litt. Men eg unnar meg fortsatt chips og cola 1-2 gonger i veka med daten. Lørdagsgodt et eg med ungane og, og gjerne dessert fleire gonger i veka...

Men eg trur nok vatn og sitron kvar morgon og detoxen det gir gjer litt. Ellers drikk eg mykje vatn. Det er spesielt viktig når ein brukar oljer, at ein får rensa ut avfallsttoff. Kanskje oreganorensen har gjort litt? Eller det at eg bruker DDR prime kvar dag for god cellehelse?! Eller at eg brukar PB assist for god tarmhelse?! Eg veit rett og slett ikkje, det har berre sjedd - og eg er igrunn veldig overraska - og inspirert.


NEGLENE

er finare og sterkare - ikkje det at det har vore eit fokus for meg som gladeleg grev i jorda dagen lang.. Men når eg no observerer forbetringen, så er det jo kjekt med sterke negler og negleband - då vert jobben litt mindre plagsom :)


PROMP

hehehe eg høyrde ein promp her om dagen, då gjekk det opp for meg at DET var lenge sidan det! Ikkje at det er noko sakn, men det tydar vel på at eg har god tarmhelse for tida?! :) Tommelopp!

769 views0 comments

Recent Posts

See All
bottom of page